10-20 (10-18) SE AVVIKENDE TIDER
menu
Brilleriet

Brilleriet

Spesialbutikker

ME HAR SANS FOR AUGA

Nettside:www.brilleriet.com

Mail:heiane@brilleriet.com

Telefon:53 41 10 68

Åpningstider:10-20 (10-18)

Brilleriet vart fyrst etablert av 24 år gamle Jan Steinfeld Holmberg i 1969. Namnet var Synssenteret Holmberg.

For å starta butikken trengte han 20 000 i startkapital, men banken ville ikkje hjelpa. Heldigvis hadde han ei rik tante i Amerika.

Ved oppstarten var Synssenteret den einaste optikar-forretninga mellom Bergen og Stavanger. 

I 2006 overtok 24 år gamle Arnhild Myklebust drifta og eigarskapet av Synssenteret. Holmbergnamnet vart teke vekk og butikken fortsette den positive utviklinga under namnet Synssenteret Synsam.  

I 10 år levde Brilleriet i eit lukkeleg ekteskap  med Synsam før me i 2017 skilde lag med kjeda for å starta vår eigen, unike og lokale profil. Brilleriet vart ein realitet. Me er dei same, men no er me oss sjølve. Heilt sidan starten i 1969 har god service, utval og fagleg kvalitet stått i høgsetet. Me skal vera den mest attraktive og freistande brillebutikken. Me vil skilje oss ut ved å vera lokale og gje brillene personlegdom og karakter.

Me sjåast!